191035w6191035w2191035w1191035w3191035w5

Nyopna sportsbar i Ulsteinvik

Like før jul opna Brygga Sportsbar i sentrum av Ulsteinvik på søre Sunnmøre. I topp moderne og nye lokaler mot sjøsida viser baren alt av sport.

Søre Sunnmøre og regionen rundt har alltid hatt stor idrettsinteresse. På tampen av 2018 fekk endelig regionen sin eigen sportsbar. Naturlegvis plassert i Ulsteinvik, som har fostra idrettsstjerner på løpande band. 


– Vi ønskjer å skape ein møteplass der folk kan kose seg med god sport på fleire skjermar i sportsbaren, seier Geir Sundal. Han er ein av eigarane av Brygga Sportsbar. Den tidligare fotballspelaren for Hødd, la skoene på hylla før klubben vart cupmeister, men har spelt eliteseriefotball for klubben i sitt hjarte. «Gegg» er ein av byen sine fotball-legender.


Sundal fortel at fotballen alltid har hatt stort fokus i byen Ulsteinvik gjennom fotballaget Hødd. Klubben som vart Noregsmeister i 2012, etter å ha slått eliteserielaget Tromsø på Ullevaal stadion i Oslo. Hødd har spelt i eliteserien ved fleire høve, men har stort sett hatt tilhald i 1. divisjon. Dei to siste sesongane har klubben vore i 2. divisjon, men målet er å kome tilbake til 1. divisjon så snart det er mogleg. 


191035w2


Det er også andre idrettar som har fokus i Ulsteinvik og søre Sunnmøre. Verdsmeister Karsten Warholm, som representerer Dimna IL, vann 400 meter hekk under VM i friidrett i London 9. august 2017. Han er første norske mannlige verdsmeister i ein løpsøving. Sportsbaren vil naturlegvis vise alt av det Warholm er med på i TV-ruta. 


Ellers er interessa for idrett stor, og heilt sidan opningsdagen har folk frå heile regionen strøymd til den nyopna sportsbaren.


– Vi er godt nøgde med oppmøte. Det er vi også med dei gode tilbakemeldingane som vi har fått, seier Sundal. Han er stolt av den nye sporsbaren, som ved hjelp av mange skjermar og alle sportskanalane kan vise fleire sportshendingar samstundes.


– Dette løyser vi på den måten av vi har ulike soner i sportsbaren. I ei sone kan vi vise fotballkamp på fleire skjermar, medan vi i ei anna sone i baren kan vise til dømes langrenn, påpeikar bar-eigaren. Han viser til at dette også kan gjerast når der går fleire populære fotballkampar samstundes.


191035w3


Geir «Gegg» Sundal fortel at det har vore mange ettermiddagar og kveldar med «stinn brakke» i Brygga Sportsbar. 

Sportsbaren har både shuffleboard og dart i lokalet. Dette er populære aktivitetar baren tilbyr i tillegg til alt på skjermane. I tillegg vil det bli quiz og andre typer konkurranser. 


Til sommaren blir det både fjernsyn og vising av sportsarrangement ute på brygga mot sjøsida. 


– Vi har allereie ein unik plassering mot sjøen og hamnemiljøet. Med uteserveringa blir sportsbaren komplett, smiler han. 


Geir «Gegg» Sundal gler seg til at fleire oppdagar Brygga Sportsbar, og inviterer alle velkomne til sportsbaren. 


Ta deg ein tur då vel! 


191035w4

Les mer...

2019-02-01 15.00

stedarkitektur3

Arkitektkontor i Skien løser arkitektoniske utfordringer med en kreativ tilnærming

Artikkel STED Arkitektur består av fagkyndige arkitekter med lang og variert erfaring, som løser utfordringer på en kreativ og nyskapende måte. – Kreativitet er en stor del av faget vårt, konstaterer daglig leder...
sorbetong1

Tillit og samarbeid i fokus for nystartet betongfirma på Sørlandet

Artikkel Sør Betong AS, er et nyetablert betongfirma som er lokalisert i Farsund og drives av to pålitelige håndverkere som setter kvalitet foran kvantitet.

    Kontaktinformasjon

    • Brygga Sportsbar
    • E-post
    • Facebook
    • Telefon:
      913 60 012
    • Adresse:
      Sjøgata 30, 6065 Ulsteinvik
    compare-fibre-e5sTz361Jzg-unsplash

    Farvel til tradisjonell leksehjelp?

    Da foreldregenerasjonen var ung og selv gikk på skolen, var det vanlig at far eller mor måtte hjelpe med leksene etter skoletid. Dette har fungert i flere tiår, men kan også føre til sosiale ulikheter.

    93909511-f1e9-468e-bcc8-216c5ed2a48ehttps-__unsplash.com_photos_3XQI4AjG36c

    Hvem har ansvaret for brannsikkerheten i borettslag og sameier?

    Ansvaret for brannsikkerheten i et borettslag eller sameie er delt mellom eieren av bygget og styret. Men beboere har også et ansvar. Her kan du lese mer.

    article1

    Beste stedene å campe i Norge

    Norge er et campingparadis, med sitt dramatiske landskap og overflod av campingmuligheter. Enten du leter etter en avsidesliggende campingplass ved sjøen eller på fjellet, har vi dekket deg.

    Arkiv