174040gdkjsdsa174040gdkjs174040gdkjsd174040d174040174040psf174040å174040åf

– Prøv oss på reinhald

ISS har ei klar målsetting om å halde Norge reint. Slik er det på søre Sunnmøre, i Nordfjord og ellers i landet. I avdeling Volda på Sunnmøre har dei både solid rutine og ungt pågangsmot i rekkene. 75 tilsette tek seg av 160 kundar, men dei har likevel plass til fleire kundar.

– Vi oppmodar heile regionen vår til å prøve ISS på reinhald. Det seier Karl Alsaker, driftssjef i ISS Facility Services AS, avdeling Volda. Han er driftssjef i den fjerde største verksemda i verda, med 520.000 tilsette i over 50 land. ISS har 9000 tilsette i Norge.


I avdeling Volda har dei kundar i 12 kommuner på søre Sunnmøre og Nordfjord. Dette er både enkeltkundar, bedrifter og kjeder.


174040psf


– Vi leverar i tillegg til dagleg reinhald,  hovudnedvask, golvbehandling, vinduspuss, catering, vaktmeisterteneste, posthenting med meir. Vår strategiske plattform heiter "The ISS Way". Visjonen for ein halv million tilsette over heile verda er å vere verdas beste serviceorganisasjon. Vi ønskjer å ha sterkt fokus på menneske, og vil at våre tilsette skal framstå med godt humør, glimt i auget og med gode kjerneverdiar. I det ligg det at våre tilsette skal ta ansvar, vise initiativ, levere kvalitet og vere ærlige, seier Alsaker.


Kvifor prøve ISS?

– Det skal du gjere fordi vi står for 100 prosent kvalitet. Kvalitetsarbeidet i ISS Facility Services AS er nedfelt i våre verdiar, og er integrert i bedrifta sitt daglige arbeid. Forankringa av kvalitetsarbeidet mot verdigrunnlaget, ligg i vår politikk, visjon og mål, påpeikar driftsleiaren i avdeling Volda.


Alsaker er stolt av sine tilsette. To av dei er Anne Marit Varpen og Sølvi Søvik. Begge er godt vaksne damer som oser av erfaring og rutine i reinhaldsfaget. Varpen har heile 38 år bak seg som tilsett i ISS. For det har ho fått Norges Vel medalje. Kollega Søvik har nesten like lang erfaring i reinhaldsfaget frå statlige arbeidsplassar, men har «berre» arbeidd 8 år i ISS, avdeling Volda. Begge er fulle av lovord om arbeidsplassen sin.


174040


– Vi har eit veldig godt arbeidsmiljø og godt samhald. Samstundes har vi fridomen til å utføre jobben vår saman med gode kollegaer, seier veteranen i bedrifta. Kollega Søvik nikkar, og framhevar det gode arbeidsmiljøet. Dei er begge tidlig oppe for å utføre reinhald før sola står opp, og dei er opptekne av å levere frå øverste hylle.


– Vi er effektive, tilpasningsdyktige og utfører kvalitet overfor kundane. Vi skal vere til å stole på, understrekar dei to rutinerte medarbeidarane. Dei har vore med ei rivande utvikling i reinhaldsfaget, og i dag er det ulike metoder og hjelpemiddel alt etter kva oppdraget er.


Pålitelige

Driftssjef Alsaker er veldig oppteken av at ISS skal vere pålitelige og til å stole på


– Vi skal levere kvar dag 24/7, og tilby service ut frå kundane sitt behov. Dette fordi kundane har ulike behov både på kort og lang sikt, seier han. Slik er det også med kva reinhald den enkelte kunde har behov for.


174040åf


– Med det mest moderne utstyr på marknaden, tilpassar vi oss dei ulike behova for reinhald. Slik er det også for dei tilsette, som spesialtilpassar reinhaldet til den enkelte kunde, påpeikar Karl Alsaker.


Driftssjefen fortel om ein typisk kvinnearbeidsplass, men fleire menn finn også vegen til ISS.


– Vi har mange og varierte arbeidsoppgåver. Såleis er ein jobb i ISS naturlegvis for begge kjønn. Vi har flest kvinner med på laget, men vi ser ein auke i talet på mannlige tilsette, seier Alsaker. Han oppmodar nok ein gong potensielle kundar til å ta kontakt for å prøve ut ISS sine tenester.

Les mer...

2017-11-27 16.45

bilskadekvinesdal1

Profesjonell og rask bilskadehåndtering hos godkjent skadeverksted i Kvinesdal

Artikkel Bilskade Kvinesdal er utstyrt med moderne teknologi for å håndtere alle typer karosseri- og chassis-skader. For forsikringsselskaper utfører bilskadeverkstedet ulike reparasjoner og utskiftninger av bilglass,...
anleggsgartnerost2

Engasjert og erfarent anleggsgartnerfirma skaper imponerende utemiljøer

Artikkel Anleggsgartner Øst AS, har en lang kunnskap og bred ekspertise i anleggsgartnerfaget, med mangfoldige tjenester som strekker seg fra private hager til imponerende prosjekter innenfor offentlige områder.

    Kontaktinformasjon

    article1

    Beste stedene å campe i Norge

    Norge er et campingparadis, med sitt dramatiske landskap og overflod av campingmuligheter. Enten du leter etter en avsidesliggende campingplass ved sjøen eller på fjellet, har vi dekket deg.

    sigmund-eTgMFFzroGc-unsplash

    Digitale møter: Tips for nybegynnere

    Sagt ja til å holde dine første digitale møter? Tips om hvilken plattform, tekniske problemer & møteagenda finner du her.

    hytte

    Utnytt din gamle hyttes potensiale

    Hyttekulturen står sterkt i det norske samfunnet. Mange har hytter som har gått i arv gjennom generasjoner, og som med tiden trolig har blitt slitt og trenger oppussing. I dag bygges det nye hytter for fullt, og dessverre blir mange eldre hytter stående tomme eller revet ned for å bygge nytt. 

    Arkiv