172020_1

Kulinariske opplevingar utanom det vanlege

Lysefjorden Mikrobryggeri dedikerer seg til kulinariske opplevingar utanom det vanlege. Bryggeren brygger for hand, slik det blei gjort frå gamalt av, og bruker ofte kortreiste, handplukka ingrediensar.

Lysefjorden Mikrobryggeri vart etablert i 2013 og brygger lokalt handtverksøl med klar identitet frå Lysefjorden i Hordaland. Tradisjonelle oppskrifter blir brukt med personleg vri, der trend og tradisjon får spele på lag. Bryggeriet sin portefølje er aukande.


-Vår ustoppelege søken etter smakar, ingrediensar og kvalitet vil resultere i sesongbaserte og eksperimentelle brygg i framtida, både til kvardags og til fest, seier Rune Birkeland, dagleg leiar og bryggerimeister.


- Frå eit distrikt med lange bryggetradisjonar, og med ingrediensar teke frå fjordar og fjell, ønskjer vi å bære fram øl frå Hordaland, seier han.


172020.m


Tok sats

Eg har alltid vore glad i smaker, matlaging og på leit etter godt øl. Ein dag kom eg over eit bryggerisett, og minna frå då eg og ein kamerat i slutten av tenåra prøvde oss med ølbrygging dukka naturlegvis opp. Den første satsen vart berre graut, men eg gav meg ikkje, smiler Birkeland. Han fekk etter kvart dreisen på ølproduksjonen, og då det ein vakker dag kom eit lite bryggeri til sals, tok han sats og kjøpte det.


Bytta ut verktøyskassen med bryggesleiv

- Eg er eigentleg tømrar, og har vore tømrar i 25 år, så lokalet vi held til i dag har eg tidligare vore med å pusset opp. Vi fekk ein god deal, kjøpte bygget og har pusset opp litt meir, seier bryggerimeisteren.


Mange driv med mikrobryggeri i dag, og det er stas å få desse på besøk. Vi hadde nyleg open dag, der mange har stor interesse for øl, og det er hyggelige å utveksle erfaringar, seier Rune Birkeland.

Camilla Brekke Dalland er sals- og marknadsansvarleg i Lysefjorden Mikrobryggeri. Ho fortel at det er tre syskenpar som står bak verksemda. Alle seks har ulike roller i drifta av mikrobryggeriet.


- Det har gått raskt dette her. Vi har vokse i takt med marknaden, og vi har seks av våre ølsortar i daglegvarebransjen i dag, seier ho.  Vi får snart vårt tiende øl i polhyllene.  Vi tredobler kapasitet no, får å være leveringsdyktige i forhold til etterspørsel i markedet.


Vår logo er av Humle, ingrediensen me brukar store mengder av. Humle er vår lidenskap og er ein av dei ingrediensane me bruker, for å overføre mest mulig av vår lidenskap gjennom smak i ølet. 


172020.mdm


Ølsmaking i bryggeriet

Lysefjorden Mikrobryggeri tilbyr også ølsmaking i bryggeriet.

-Ei samling rundt ølbordet er spesielt tilrettelagt for gjestane. Her vil det bli servert alle våre øl, men i tillegg øl som kun serverast i bryggeriet.  Her er det mogleg å smaka på øl under produksjon og få forklart prosessen øla er i, smiler Camilla Brekke Dalland. Ho viser til at bryggeriet har stort fokus på forskjellige øltypar og mat i kombinasjon. Me serverer ofte mat laga med råvarer frå bryggeriet samansett til ølet.


-Her kan ein spørje om øltypar, og kva ein kan kombinere desse med heime på eige kjøkken. Å kombinere mat og øl på ein smakfull måte er viktig, og vil utan tvil gje nye opplevingar, både av maten og ølet. Ambisjonen til oss i bryggeriet er å vere mest mogleg tilstades for at kunden skal kunne utvikle eigne smakshorisontar, seier sals- og marknadssjefen, som fortel at desse ølborda passar for private arrangement, så vel som for bedrifter.


Ølkurs

Dei siste åra har interessa for øl auka betydeleg. Øl er ein tradisjonsdrikk her i Noreg, og mange vil seie at ein no opplever ein ølrevolusjon i landet.


172020_1


- Nye ølsortar aukar i mangfald, og med dette aukar vår kunnskap, interesse, smak og iver etter å lære meir. Mange omtaler øl som den nye vinen. Ein ny måte å tenkje øl opnar seg innan øl- og matverda. I bryggeriet kan ein lære ulike metodar og ingrediensar til bruk i både brygging og matlaging, opplyser bryggerimeister Birkeland. Han bistår gjennom bryggeprosessen.


Assisterande bryggar Joachim Dalland, sjølutnemnd ølentusiast og komponist innan mat og drikke, vil òg bistå. Dei vil saman gjere rede for ein heil del rundt øl og dei forskjellige prosessane frå innkjøp til ferdig øl servert i glas.


172020.mm


Les mer...

2017-05-12 14.45

Novatek6

Spesialist innen vannrensing og bærekraftige systemløsninger kombinerer miljøfokus med teknisk kompetanse

Artikkel Novatek AS leverer bærekraftige løsninger for fremtidens vannrensning, med utvikling, konstruksjon og drift av vannrensningsanlegg tilpasset både sykehus og industrikunder.
bergslimetallmaskiner4

Bred produktportefølje fra anerkjent maskinleverandør

Artikkel Bergsli Metallmaskiner AS fra Skien, er en maskinleverandør som legger vekt på å levere det kundene trenger – fra manuelle fresemaskiner til avansert automatisering.

Kontaktinformasjon

sigmund-eTgMFFzroGc-unsplash

Digitale møter: Tips for nybegynnere

Sagt ja til å holde dine første digitale møter? Tips om hvilken plattform, tekniske problemer & møteagenda finner du her.

vidaxl

Fem måter å nyte mer tid utendørs

Uansett hvor du bor, om det er i et hus med hage, en leilighet, eller en hybel, er det synd om du ikke utnytter sjansen til å tilbringe ekstra tid ute, spesielt i sommermånedene. Når solen er ute og temperaturen stiger, er det mange som liker å få litt frisk luft og naturlig D-vitamin. Men kanskje synes du det er vanskelig å forlate hjemmet av en eller annen grunn? Heldigvis er det ingen grunn til bekymring. Vi har samlet en liste over måter å lokke deg selv til å begi deg ut i den solfylte naturen.

article1

Beste stedene å campe i Norge

Norge er et campingparadis, med sitt dramatiske landskap og overflod av campingmuligheter. Enten du leter etter en avsidesliggende campingplass ved sjøen eller på fjellet, har vi dekket deg.

Arkiv