184034w4185034w1184034w9184034w5185034w3184034w2184034w6184034w7184034w8

Kurs for livsstilsendring i Ørsta

– Kvifor ikkje ta eit val som sikrar deg oppfølging på kosthold og fysisk aktivitet i nesten heile 2019, oppmodar kursleiar Ingeborg Tusvik Nupen. Ho er grunder og står bak Nupen KostogHelse.

Kosthold og helse er dei viktigaste stikkorda når Nupen KostogHelse  inviterer til livsstilsendringkurs på nyåret. Mange vel å ta grep i forhold til si eiga helse med ymse nyttårsforsett.


– Kvifor ikkje ta eit val som sikrar deg oppfølging på kosthold og fysisk aktivitet i nesten heile 2019, oppmodar kursleiar Ingeborg Tusvik Nupen. Ho er grunder og står bak Nupen KostogHelse.


Tusvik Nupen fortel at dei har plass til 12 deltakarar, der det er først til mølla... Dei som melder seg på før nyttår får servert både teori og praksis om kosthold og helse spreidd ut over fleire månader. 


– Kurset er tufta på Bruset- modellen, og eg fokuserer på heile mennesket under kursdeltakinga. Alle deltakarane vil få personlig oppfølging, som er tilpassa den enkelte. Kurset går over halvannan time kvar veke, deretter kvar 2. veke i modul to og tre opplyser Ingeborg Tusvik Nupen, som oppmodar dei som har lyst til å bli med om å melde seg på i dag.


Kosthaldsrettleiaren og ernæringsterapeuten i Ørsta peikar på stress som ei av hovudårsakene til ubalanse i kvardagen.

 

– Stress påverkar betennelsestilstandar i kroppen. Det påverkar matlyst, humør, sinne, energi, og har ein lite overskot så får ein ikkje gjort det ein ynskjer og vil ta mindre gode val i kvardagen. Gjennom personleg utgreiing og rettleiing hjelp Nupen til endring i kosthald, rutinar og fysisk aktivitet til å få ei auka livsglede og meir energi til å gjere det ein drøymer om å gjere.


– Eg vil kunne hjelpe til å bli friskare av for eksempel diabetes type to, vektreduksjon, mindre betennelse i kroppen, betre søvn, betre treningsvanar og å legge om til ein betre livsstil, seier ho.


– Å ta tak i det som skapar stress og finne rota i det som skapar ubalanse i kroppen er kanskje noko av det viktigaste.

 

Ørstingen vaks opp på ein gard med lite stillesitjing i kvardagen. Ho minnes godt søndagsturane med familien, ski- og sykkelturar og stor boltreplass rundt huset.

 

– Eg kjenner sjølv, og forsking viser til at om ein veks opp med aktive foreldre så set det litt fundamentet og føresetnad for den enkeltes syn på fysisk aktivitet. Ei aktiv jente vaks til å bli ein aktiv ungdom som dreiv med jazzballett og blei aerobic-instruktør allereie som femtenåring.


184034w5


– Det er godt å vera i ein kropp som kan utfalde seg fysisk, og slik styrke både fysisk og mental helse. Eg er veldig takksam for å ha vokse opp i den heimen eg har vokse opp i, seier ho.

 

Men stress kan råka alle, og seinare trefte Nupen sjølv veggen med stressklemma som gjorde til at ho endra karriereretning frå lærar til kosthalds- og ernæringsutdanning.


– Eg levde i stressbobla utan å ta omsyn til eiga helse. Ein morgon ville ikkje kroppen lystre og eg vart ein skugge av meg sjølv. Ved å endre retning gjorde det til at eg står nok litt sterkare i dag. Når ein rettleier og kursar menneske til betre helse, så er det ei styrke at ein har utdanninga til det. Det handlar jo om kvardagslivet, noko ein ikkje skal ta for lett på. Nupen er kosthaldsutdanna og har jobba med det nokre år og blir ferdigutdanna ernæringsterapeut TMS i juni 2019.

 

Kosthaldsrettleiaren fortel at å ha hatt instruktørbiten i seg frå ho var 15 år og ein solid utdanningsbakgrunn i helse og kosthald med fleire år som tilsett på treningssenteret Topp Trening gjer at ho med god styrke kan gje livsstilsråd til den enkelte.


– Det er så kjekt å oppleve og vere ein del av endringsreisa til folk! Eg blir enno meir rakrygga og det gir så mykje gnist tilbake når eg no kjenner at eg er på rett hylle, smiler ho. 

 

Forutan personleg rettleiing innan kosthald og fysisk aktivitet har Nupen tilbod om eit livsstilskurs over 24 kurskveldar med plass til 12 deltakarar.  


– Kurset er langvarig og går over 9 månader, og det kan vere ein tryggleik for dei som har prøvd “quick-fix-” kurs før og gjerne gått litt ned i vekt, men så erfart vektauke på nytt ei tid etter avslutta kurs, seier ho.


Kurset fylgjer Brusetmodellen, eit konsept utvikla av lege Stig Bruset.


– Typiske deltakarar er både kvinner og menn i alder 40 til 50, dei har det travelt, dei er stressa, yrkesaktive, gjerne i familie, og syns at endringar kan være ei stor utfordring.


184034w9

 

Nupen fortel at kurset vektlegg både kosthald, trening og mental helse, og ein jobbar mykje med motivasjonen til den enkelte deltakaren.


– Kva det er som motiverar deg – me jobbar mykje med at du skal skrive ned kvifor er du med, me skal sette opp ei kontrakt med deg sjølv og du får setje delmål og gjerne eit litt større hårete hovudmål som er å satsa litt, men likevel oppnåeleg. Fyrste kurskveld får deltakarane prøve Tanitavekta.


– Tanitavekta gjer ei kroppsanalyse. Det kan vere skummelt for mange, fortel Nupen.


– Me gjennomfører kroppsanalysen tre gonger løpet av kurset og sjølv om du vil oppleve endringar sjølv, så vil dei fleste når dei ser resultata på papiret kunne få ein ekstra boost og stadfesting på at med tid så når ein måla sine. Me nyttar også jamnleg måleband.

 

Kurset oppmodar til både diskusjon innan gruppa, og ein får private samtalar med Nupen for personleg rettleiing kvar kurskveld.


– Min filosofi er å førebygge livsstilssjukdomar og fokusere på ei god kvardagshelse. Me må ikkje presse grenser og yte 100% i alt me gjer, men leve dagane etter ei rytme som får den einskilde til å oppleve meistring og god livskvalitet, seier ho. Sjukdom er ei av årsaka til å førebygge, og kunne møte eventuelle helseutfordringar med ein sterkare grunnmur, fortel ho.


– Og om ein blir sjuk, kanskje alvorlig sjuk, så møter me sjukdommen og utfordringane med ein kropp som vonaleg klarer å stå sterk når dagane kan vere tunge. Ikkje minst vil kosthaldet og fysisk aktivtet bygge sterkare hjernehelse og psyke. Nupen legg til at det er aldri for seint å snu om på vanane. Kanskje treng du hjelp til å sjå mulegheitene?


184034w2

Les mer...

2018-11-13 09.45

Glasspapersolutions1

Norskutviklet GRC-system imponerer: Skybasert plattform integrerer risikostyring og compliance

Artikkel Den norske teknologileverandøren Glasspaper Solutions AS, har utviklet en skybasert løsning for ambisjonsrike selskaper som forenkler det daglige arbeidet. Plattformen Kamude, gir en samlet oversikt over...
adeptconcept1

KI-revolusjonen: Lysende fremtid for norskutviklet, innovativ regelverksoppfølging for bedrifter

Artikkel KI, Kunstig intelligens, revolusjonerer styringssystem og compliance. Adept Concept AS benytter seg av fremtidens teknologi til å holde seg oppdatert på reviderte regelverk gjennom den skybaserte applikasjonen...

    Kontaktinformasjon

    • Nupen KostogHelse
    • E-post
    • Facebook
    • Telefon:
      99255003
    • Adresse:
      Strandgata 4, 6150 Ørsta
    article1

    Beste stedene å campe i Norge

    Norge er et campingparadis, med sitt dramatiske landskap og overflod av campingmuligheter. Enten du leter etter en avsidesliggende campingplass ved sjøen eller på fjellet, har vi dekket deg.

    national-cancer-institute-NFvdKIhxYlU-unsplash

    Å jobbe som vikar

    Å jobbe som vikar via et vikarbyrå i Norge har mange fordeler, men det kan også være svært gunstig for en bedrift å innleie fra bemanningsforetak.

    sigmund-eTgMFFzroGc-unsplash

    Digitale møter: Tips for nybegynnere

    Sagt ja til å holde dine første digitale møter? Tips om hvilken plattform, tekniske problemer & møteagenda finner du her.

    Arkiv