75 prosent av omsetnaden går mot bedriftsmarknaden, den resterande til privatmarknaden. Nyleg vart ein ingeniør tilsett, og verksemda kan såleis stille sterkare i ein tøff marknad på søre Sunnmøre.
– Med oss på laget får ein nærleik til kundane, gode produkt og beslutningsprosessen er svært kort, påpeikar Hjelle.
Han er oppteken av å få fram at dei er ein seriøs og dyktig leverandør av sine tenester. Slik har det vore sidan oppstarten tidleg på 90-talet, og verksemda har mange og trufaste kundar. No er dei på jakt etter fleire.
– Vi har i dag fire gravemaskiner, to lastebilar, eige knuseverk og hjullastarar. Vi har i tillegg gode samarbeidspartnarar innan asfalt, sprenging, rørinspeksjon og spyling av rørledningar. Dekningsområdet er søre Sunnmøre og næraste kommunene i Nordfjord.
Liten, men stor
I dag er det fire tilsette i Hjelle Maskinlag AS. Dette er lokale tilsette, som bur i nærområdet. Ærekjensle,god kvalitet,service til kundane våre og sluttproduktet. Dette er viktige faktorar og stikkord for verksemda.
– Vi er ei seriøs bedrift med tradisjonar for godt utført arbeid og fornøgde kundar, seier dagleg leiar og medeigar Øystein Hjelle. Han er stolt over dei tilsette som gjer sitt ytterste for at kunden skal bli 100 prosent fornøgd kvar einaste dag.
Hjelle Maskinlag AS utfører små og store oppdrag for kommuner, verksemder og private.
– Vi leverer total- og delprosjekt, som byggesaker, innmålingar og utstikking med gps, masseberekningar, vatn og avløp i hagar og kommunaltekniske prosjekt. Vi tek oss også av hustomter, vegar, dyrking, kraftverk, natursteinsmurar og transportenester, der ingen jobbar er for store og ingen for små, seier den daglege leiaren. Han fortel at Hjelle Maskinlag har kompetansen og utstyret til å utføre eit stort spekter av anleggsprosjekt.
– Det er berre å kontakte oss, så tek vi ein synfaring. Synfaringa forpliktar ikkje for kunden, understrekar han.
Rørleggartenester
Hjelle Maskinlag utfører også alt innan utvendig rørlegging, samt skifte av drenering, vedlikehald av drenering, skifte av kloakk- og vassleidningar, i tillegg til nye anlegg. Verksemda har ADK 1-sertifikat.
– Dagens kundar forheld seg til oss som ein totalleverandør. Vi er ein seriøs, profesjonell og fagleg dyktig aktør i marknaden, seier Øystein Hjelle. Han gler seg over varierte og fine dagar i maskinlaget, der ingen dag er lik.
– Ta kontakt med oss, prøv oss – og vi lovar å ikkje skuffe deg som vår kunde, seier Øystein Hjelle, dagleg leiar i Hjelle Maskinlag AS.
Fakta |
---|
VI LEVERAR: Pukk, grus, singel, fyllmasse, solda jord, isolasjon, knotteplast, rør og rørdelar, alt i kummar og tilhøyrande materiell, solda jord, septiktankar, naturmurstein, mindre betongarbeid, sikringsgjerder, samt alt i graving og transport |