Urke Maskinservice har kompetanse og materiell til å kunne handtere både små og store oppdrag innan graving og grunnarbeid.
– Vi har god kompetanse og erfaring med natursteinmurar. Slik er det også med dreneringsoppdrag, der vi rehabiliterar grunnmuren og isolerar opp igjen. Dette gjeld både gamle og nye hus, seier daglig leiar og eigar Jan Lennart Urke til Det Norske Bransjemagasinet. Urke tok over enkeltmannsforetaket etter faren Åge, og skapte eit AS for fire år sidan. Såleis er det ei verksemd med over tjue års erfaring som har fått godt fotfeste på søre Sunnmøre.
– Vi har gjennom mange prosjekt opparbeidd eit godt rykte mellom våre kundar. Der vår ære ligg i å vere ryddige, effektive og levere kvalitet som kundane set pris på, seier han.
Varierte arbeidsoppgåver
Urke Maskinservice tek på seg mange og varierte oppgåver. Dette kan mellom anna vere planeringsarbeid for asfaltering og utgraving av hustomter. Ikkje minst er det mange oppdrag på natursteinsmur.
– Det er mange som tek kontakt med oss når dei skal sette opp natursteinmur. Det er eit naturlig produkt som varer over tid. Ein kan også bruke opp igjen steinen etter mange år, seier den daglige leiaren. Han har fleire tilsette som er svært dyktige til å sette opp flotte natursteinmurar.
Solid anleggspark
Urke Maskinservice har ein solid anleggspark, og består i dag av fire gravemaskiner frå 3,5 til 17 tonn. Dei har også fleire lastebilar, hjullastar, minidumpar, vegvalse og mindre anleggsutstyr som høyrer til.
– Vi har god erfaring innan dei fleste kategoriar for grunnarbeid. Dette gjeld spesielt tomter, drenering og rehabilitering, opparbeiding av mindre vegar, parkeringsområder og planeringsarbeid, seier Jan Lennart Urke.
Verksemda, som har sine lokaler ved fjorden i Ulsteinvik, ber både private, bedrifter og kommunale aktørar om å ta kontakt for oppdrag. Primærområdet er søre Sunnmøre, men verksemda er fleksibel, og tek gjerne på seg oppdrag i Ålesundsregionen.