– Vi suger nesten alle typer masser som kan passere gjennom sugeslangar på opptil 20 cm i diameter, seier Lars Ivar Moldskred. Den driftsansvarlige i Moldskred AS fortel at supersugaren sluker sand, grus, singel pukk, rivingsmasse, isolasjon, brannfarlige væsker og mykje meir.
– Det er nesten ikkje grenser for kva vi kan suge opp og køyre vekk, seier han.
Singelblåsing
Det er masseforflytting av singel som er mest i vinden for tida. Supersugaren både sug inn og bles ut singelen på opptil 32 millimeter i storleik.
– Dette er spesielt for områder der gravemaskiner ikkje kjem til, påpeikar Moldskred. Førespurnadane kjem frå heile landet, men dei fokuserer på arbeid i området Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane.
– Bilen og utstyret er av nyare dato. Det kostar nokre kroner, men vi vil ha det beste utstyret for å levere det beste resultatet, påpeikar driftsansvarleg Moldskred. Han viser til at supersugaren er ein riktig storblåsar!
– Vi bles enkelt masser som sand, grus og singel over lange strekk. Det gjer vi fordi vi kjem til der andre løysingar krev tilkomstveg og maskiner. Små eller store oppdrag kan difor gjennomførast langt meir kostnadseffektivt enn med vanlige, tradisjonelle løysingar, påpeikar Moldskred.
Høgtrykkspyling
Med vasstrykk opp til 170 bar, og lang rekkevidde, er det enkelt å reinske rør, spyle, kutte røter og fjerne framandelement.
– Dette gjeld også groing på betong, asfalt, fasader, trapper, veggar og andre overflater. Vi fjernar det som ikkje skal vere der, og det blir nesten som nytt igjen, seier Lars Ivar Moldskred.
Moldskred AS tilbyr også rørinspeksjon frå 40 mm i diameter og oppover.
– Vi utarbeider rapportskjema og samanstillingsbrev med anbefalingar. Ved feil og manglar vil det bli fotografert og dokumentert. Videodokumentasjon kan også ordnast, seier driftsansvarleg Moldskred, som fortel at dei har gode samarbeidspartnarar for større jobbar.
I tillegg tilbyr verksemda trasesøk, og kartlegg kvar rørgata går. Moldskred AS tilbyr også syrevasking, der dei har mange års erfaring med syrevasking/syrebeising.
– Vi kan tilby totalpakkar på vasking og syrevask av alle typer tankar og liknande, seier han.
Brøyting
Verksemda, som har base i Tjørvåg på søre Sunnmøre, utfører også alt av vinterarbeid.
– Vi utfører både små og store oppdrag for private, bedrifter og offentleg. Mellom anna brøytar vi snø på søre Sunnmøre gjennom vintersesongen, og har fleire reiskap til å fjerne snøen på ein effektiv måte, påpeikar Moldskred.
Treng du toalett til arrangement, byggeplassen eller oppussing?
Etter stor etterspurnad på utleigetoalett, har Moldskred AS bestemt seg for å ta førespurnadane på alvor.
– Med våre nye toalettvogner kan vi også tilby komplette sanitærløysingar, avsluttar Lars Ivar Moldskred.