BM Kontorservice i Ulsteinvik leverer og monterer kontormøblar- og kontorrekvisita etter ergonomiske prinsipp. - Førebygging kostar mindre enn behandling, seier dagleg leiar Øystein Bohinen Muren.
- Vi kan levere alt til kontoret. «Du ringer og vi bringer», seier Muren og ler.
Sidan januar 2015 har dagleg leiar Øystein Bohinen Muren drifta BM Kontorservice i Saunesmarka i Ulsteinvik. BM Kontorservice tilbyr kvalitetskontormøblar som stolar, skrivebord og bokhyller – samt kontorrekvisita, som kopipapir, permar, pennar og notatbøker. Eit nytt tilskot i produktsortimentet er reinhaldsprodukt for kontor, som dagleg leiar fortel har falle i god jord hos kundegruppa. Kundane finn ein stort sett på Søre Sunnmøre, men BM Kontorservice kan levere over heile landet.
- Vi har ein utsalsplass i Ulsteinvik, og elles har vi heimeside på nett. Vi besøker kunden for å gi ein mest mogleg skreddarsydd teneste. Vi skisserer kontorlandskapet, gjev våre forslag på møblering. Vi monterer sjølvsagt alle kontormøblar vi sel om ønskeleg.
Som bedriftseigar må ein ta visse førehandsreglar for å sørge for at drifta går som smurt. Muren fastslår kor viktig det er at han stiller opp, har eit godt produktsortiment med solide leverandørar og ikkje minst at kundegrunnlaget er på plass. Sjølv om det å ha si eiga bedrift byr på utfordringar, fortel han at det å drive med sal er noko av det mest gjevande han veit om. Og er det noko vi kan, og har fått svært gode tilbakemeldingar på er det service og leveringsgrad.
- Vi prøver å gjere det vesle ekstra for kunden, vi ser dei og vi er oppriktig interessert i absolutt alle førespurnadane vi får.
- Å vere små og lokal har også sine fordelar når det kjem til fleksibilitet og personleg kundeservice. Dersom ein kunde tingar noko på dagtid, kan vi vere svært raske med å levere – då snakkar vi faktisk om minutt, seier han.
Eit anna fokusområde Muren har, er at kontormøblane han distribuerer er fullt funksjonelle og at dei er ergonomiske. Dette for å tilpasse arbeidsmiljø med teknikk og menneske – og ikkje minst for å unngå sjukdom og belastningsskader på deiarbeidstakarane som skal bruke produktet.
- Vi tilrår alltid arbeidsgivarar til å kjøpe hev- og senkbare skrivebord til dei tilsette. Dette kostar litt meir enn skrivebord utan denne type funksjon, men dersom ein samanliknar prisen på skrivebordet med prisen på ein arbeidstakar som er sjukemeldt – så er det kostnaden verdt, fastslår han.
Øystein Bohinen Muren dreiv tidligare ein bokhandel, men den vart lagt ned på grunn av kraftig aukande konkurranse. Det var ikkje lenger berre konkurranse frå andre bokhandlarar, men også frå nettbutikkar, bensinstasjonar og daglegvarebutikkar. Med denne erfaringa rikare, veit Muren at det å drive ein faghandel innan kontor også byr på utfordringar. Med sin kunnskap har han fokusert på å få BM Kontorservice opp og fram på nye måtar.
- Når eg køyrer med firmabilen så er det faktisk fleire som kjem opp til meg og lurer på kva for bedrift eg har og kva eg kan tilby dei.
- Vi jobbar for at bedriftene og også privat personar rundt oss, automatisk skal assosiere og hugse at BM Kontorservice leverer raskt kvalitetskontormøblar og all verdens kontorrekvista, poengterar han og smiler.