172071172071+

For eventyrarar, kongar, dronningar og Deg

I enden av Norangsfjorden, på Øye, ligg eit av Europas mest herskapelige hotell. Hotel Union Øye har i generasjonar vore eit attraktivt reisemål for kongelige, forfattarar og elskarar. Hotellet har også ein hotelldirektør som elskar hotellet, og byr på seg sjølv med song, historier og utprega vertskap.

Heilt sidan opninga i 1891 har hotellet vore ein stad der gjestar kjem for å nyte roa og det gode liv i storslagne omgivnader. Hotellet sine 27 rom er alle individuelt dekorert og møblert med nøye utvalde antikvitetar. Roma er også oppkalt etter kjende personar som har budd på hotellet gjennom tidene. Som Keiser Wilhelm II, Kong Oscar II, Dronning Maud og Kong Haakon, samt forfattarane Karen Blixen, Knut Hamsun, Sir Arthur Conan Doyle og ikkje minst komponisten Edvard Grieg.


172071+


Stor kjærleik

-Eg er forelska i dette hotellet, smiler Mariann Øye-Mork. Det er eit heilt spesielt hotell. Bere sjå deg rundt. Det er nesten som å bli satt over 100 år tilbake i tid, med ein atmosfære av ro, seier hotellsjefen til Det Norske Bransjemagasinet.


Veninnene til Mariann fortel at ho er den fødte vertinne. Ho vaks opp i den vesle og vakre bygda Øye, og sidan ho var tre år var ho nesten meir på hotellet enn heime på gardsbruket. I dag bur ho med mann og to barn på Mork i Volda, skjønt, mannen spør til tider om kva som er heimen for hotellfruen.  


Som lita jente følgde 31-åringen hotelldrifta med store auge, og etter kvart tok ho også del - først i oppvasken og deretter med servering. Då ho tok til å studere hotell-leing i Stavanger, jobba ho på hotellet heime om sommaren. Etter endt utdanning, vart Øye-Mork, som 22-åring, Noregs yngste hotelldirektør. Øye-Mork vart tilsett i direktørstillinga medan faren framleis var medeigar av hotellet. I dag er hotellet eigd av Line og Knut Flakk, og ein del av deira reiselivssatsing i 62Nord.


Nostalgi

Peis, måleri og store lysekroner er naturlige detaljar. Hotel Union Øye er bygd i sveitserstil, medan interiøret er henta frå stilane La Belle Époque og Victoriatid. Smilande hotellvertinner møter oss i det vi kjem inn på hotellet. Alle er kledde i gammaldagse drakter.


- Her skal gjestane føle seg heime, legg hotelldirektøren til. Under sesongen hotellet held ope, er det over 20 tilsette som rer sengar og tek mot turistar. Mange av dei tilsette er lokale jenter. Er du heldig, får du også høyre hotelldirektøren synge.


- Det er berre eg og veslesystera mi, nestkomanderande Kathrine Øye, som er tilsett heile året. Vi har eit godt arbeidsmiljø, med eit ungt personale, seier Øye-Mork, ikledd sin dirndl-drakt, frå Syd-Tirol. Om sommaren er hotellet stort sett fullbooka. Alle rom har historiske namn etter kongelige og kulturpersonar som har besøkt hotellet i åras løp.


Draumejobben

Sidan 2008 har Mariann Øye-Mork vore hotelldirektør på hotellet. Ho legg ikkje skjul på at ho har draumejobben. Ho har også auka omsetnaden på hotellet frå 7 millionar kroner til 14,7 millionar kroner. Målet i år er 16,5 millionar kroner.  


-Eg elskar å vere her. Nesten kvar dag pendlar ho frå Mork i Volda, til hotellet i Norangsdalen. Ho er dermed er ein god kunde på ferjesambandet Sæbø-Leknes. Turen frå Mork tek om lag ein time, inkludert ferjeturen.

Mariann har stor tru på framtida for hotellet, og ser at gjestane vil halde fram med å finne fram til Hotel Union Øye.


-Dei aller fleste av våre gjestar er norske gjestar som vil oppleve hotellet og fjella i nærområdet. Eg trur at talet på dei norske turistane vil halde fram å auke, samtundes som talet på dei utanlandske turistane vil auke. Ikkje minst med tanke på fokus av fjord og fjell, og at sesongen kan utvidast både i forkant og etterkant av sommaren, seier ho.


Hotelldirektøren viser også til at dei utanlandske gjestane ikkje er så opptekne av veret, som oss nordmenn.

-Vi ønskjer alle som vil ta turen til Hotel Union Øye i Norangsdalen hjarteleg velkomne til oss, smiler hotelldirektør Mariann Øye-Mork.

Les mer...

2017-05-30 15.15

vbk6

Bred kompetanse hos anerkjent verksted med fokus på tunge kjøretøy

Artikkel VBK AS, er et velrennomert selskap fra Horten, med lang erfaring innen påbygg og reparasjoner av tyngre kjøretøy. De utfører reparasjoner på lastebiler, busser, bobiler og campingvogner og hengere, og...
mectro4

Tung kompetanse fra innovativ leverandør av spesialtilpassede løsninger til industrien

Artikkel Mectro AS fra Horten, spesialtilpasser elektronikk for industrielle aktører på det profesjonelle markedet. Og det gjør de bra – med stadig flere store aktører med innovativ teknologi på kundelisten.

    Kontaktinformasjon

    national-cancer-institute-NFvdKIhxYlU-unsplash

    Å jobbe som vikar

    Å jobbe som vikar via et vikarbyrå i Norge har mange fordeler, men det kan også være svært gunstig for en bedrift å innleie fra bemanningsforetak.

    sigmund-eTgMFFzroGc-unsplash

    Digitale møter: Tips for nybegynnere

    Sagt ja til å holde dine første digitale møter? Tips om hvilken plattform, tekniske problemer & møteagenda finner du her.

    93909511-f1e9-468e-bcc8-216c5ed2a48ehttps-__unsplash.com_photos_3XQI4AjG36c

    Hvem har ansvaret for brannsikkerheten i borettslag og sameier?

    Ansvaret for brannsikkerheten i et borettslag eller sameie er delt mellom eieren av bygget og styret. Men beboere har også et ansvar. Her kan du lese mer.

    Arkiv