185069w2185069w4185069w1185069w3185069w6

Fjordhotellet i Hjørundfjorden

I hjarte av ein av verdas villaste og mest storslagne fjordar, finn du Sagafjord Hotel. Fjordhotellet i Hjørundfjorden har ein rikhaldig meny mellom fjord og fjell.

Hotellet ligg på Sæbø, ei levande småbygd i eit vestnorsk kulturlandskap, med ei lang historie. 


-Med eit unikt turterreng, djupe fjordar og majestetiske alpetindar, ønskjer vi å vere din heim for unik og tradisjonsrik natur- og matopplevingar på Sunnmøre, seier Wenke Gjørtz, dagleg leiar i Sagafjord Hotel.

Hotellet

Sagafjord Hotel kan by på 40 gode rom, og kan huse opp mot 100 personar. Gjennom året har hotellet besøk av gjestar frå heile verda. 


- Målet er å få til helårsdrift. Dette for å kunne tilby stødige arbeidsplassar i denne levande bygda, som faktisk er i vekst. Den internasjonale etterspurnaden, spesielt frå kvalitetsbevisste menneske som ønskjer eit pusterom frå hektisk storbyliv, er aukande året rundt, seier Gjørtz. Konferansemarknaden er også ein viktig del av drifta, for at dette skal vere mogleg. Difor er det ekstra gledeleg å kunne slå fast at fleire og fleire bookar konferanser til fjordhotellet i Hjørundfjorden, legg ho til.


185069w1


Opplevingar

Om våren lokkast spesielt toppturentusiastar til området for å oppsøke Sunnmørsalpane på ski. Sagafjord husar mellom anna Fri Flyt sin High Camp kvart år, med over 300 besøkande. Billettane for fjorårets festival vart nok ein gong svært raskt utselt. Vårsesongen er også populær for laksefiske i Bondalselva, somligg 150 meter frå hotellet. Fjordfisket kan du oppleve fra hotellterrassen, eller med ein lokal guide i båt.


- Området er også ein perle for sykkelturisme. Gjørtz viser til at det er mogleg å leige syklar på hotellet, og ta seg ein tur innover den trange seterdalen Norangsdalen på andre sidan av fjorden. Reiseruta inneheld ein spektakulær ferjetur over Hjørundfjorden, og kanskje eplekake i hagen til eventyrslottet på Øye. 


Regionen er også heimen til fleire lokale eldsjeler innan opplevingsbasert turisme. 


- Alle ønskjer å bidra til at ditt opphald i Sunnmørsalpene blir unikt, påpeikar styraren av fjordhotellet. 


185069w6

 

Natur- og matopplevingar

Ho fortel at kjøkkenet nyttar lokale og sesongbaserte råvarer.


-Egga får vi levert kvar morgon frå andre sida av gata. Lengre oppe i dalen ligg ein gamal slektsgard som heiter Rekkedal, som kan vise til ein spennande vinkjellar, og som også tilbyr tradisjonsrike kulinariske opplevingar i eit ekte sunnmørsk kulturhistorisk miljø. Hotellet og samarbeidspartnarane legg vekt på ekte, reine og tradisjonsrike opplevingar mellom bratte tindar og djupe fjordar. Hotellet samarbeidar med lokale guidar som kan ta deg med på tur i alle terreng og farvatn, heile året. 


Vi ventar på akkurat du skal ta kontakt med oss, smiler Wenke Gjørtz.


185069w4

Les mer...

2018-12-13 09.15

isnitt7

Detaljrik og nyskapende boligfotografering tar boligen din til nye høyder

Artikkel iSnitt AS i Oslo, tilbyr boligfotograferingstjenester av høy kvalitet. I løpet av årene har selskapet ikke bare revolusjonert bransjen, men har også blitt en foretrukken leverandør av boligfotografering...
rohneselmerab6

Blir én av de mest solgte bilene i 2024

Artikkel RøhneSelmer Asker og Bærum troner som Norges ledende Ford-forhandler, og ved RøhneSelmer Asker og Bærum, rulles rykende ferske nyheter fra Ford ut én etter én. Med nye lanseringer og gamle klassikere,...

    Kontaktinformasjon

    • Sagafjord Hotel
    • E-post
    • Hjemmeside
    • Telefon:
      +47 700 49 500
    • Adresse:
      Oyragata, 6165 Sæbø
    sigmund-eTgMFFzroGc-unsplash

    Digitale møter: Tips for nybegynnere

    Sagt ja til å holde dine første digitale møter? Tips om hvilken plattform, tekniske problemer & møteagenda finner du her.

    vidaxl

    Fem måter å nyte mer tid utendørs

    Uansett hvor du bor, om det er i et hus med hage, en leilighet, eller en hybel, er det synd om du ikke utnytter sjansen til å tilbringe ekstra tid ute, spesielt i sommermånedene. Når solen er ute og temperaturen stiger, er det mange som liker å få litt frisk luft og naturlig D-vitamin. Men kanskje synes du det er vanskelig å forlate hjemmet av en eller annen grunn? Heldigvis er det ingen grunn til bekymring. Vi har samlet en liste over måter å lokke deg selv til å begi deg ut i den solfylte naturen.

    compare-fibre-e5sTz361Jzg-unsplash

    Farvel til tradisjonell leksehjelp?

    Da foreldregenerasjonen var ung og selv gikk på skolen, var det vanlig at far eller mor måtte hjelpe med leksene etter skoletid. Dette har fungert i flere tiår, men kan også føre til sosiale ulikheter.

    Arkiv