184034w1184034w5184034w4184034w3184034w2

Gir deg tru på ei betre helse

Ingeborg Tusvik Nupen i Nupen KostogHelse vil bidra med å betre folkehelsa på Nordvestlandet. Med base i Ørsta på Sunnmøre har ho allereie gitt mange trua på eit nytt og betre liv.

Rettleiing og jamn oppfølging er viktige stikkord. Det er likevel du som person som må ta stega sjølv. Nupen KostogHelse vil imidlertid vere med deg på vegen, så lenge du sjølv måtte ønskje.


Ingeborg Nupen smiler hjarteleg når ho ønskjer Bransjemagasinet velkomne til kontoret sitt i Ørsta sentrum. Ørstajenta oser av energi, ein energi og eit sunt liv ho har lyst å dele med flest mogleg.


Vegen vidare

Ingeborg er kosthaldsrettleiar, treningsinstruktør og ernæringsterapeut, og fokuserar på ulike sider i mennesket. Ho fortel om næringsstoff og matvarer, kosthald og diett. Deretter penslar ho vegen vidare til kosttilskot og terapeutisk mat. Ørstingen er skulert, ho har praktisert i studieperioda og veit kva ho snakkar om. Brusetmetoden veit ho fungerer for veldig mange.


– Alt dette sett i system gir betre fordøying. Vi kan gjerne rette fokuset på hormonar og mat. Eg kan gjennomføre testar om du vil. Alt saman med den enkelte i individuell oppfølging. Om ein ønskjer å vere med i grupper, så ordnar vi det også. Likevel, alt det som er for personleg, blir individuelt tilrettelagt, understrekar ho.


Livstilsendring

For veldig mange er vektreduksjon det store målet. Ingeborg er krystallklar, det skjer ikkje av seg sjølv. Ein må ville det, og kjenne at dette er noko ein treng. Det er vegen som er målet, og Nupen KostogHelse er med deg langs med.


– Vi snakkar om livsstilsendring. Då må heile kroppen, og ikkje minst hovudet vere med, påpeikar terapeuten. Ho er ikkje i tvil om samanhengen mellom kosthald og helse. Det du gjer, eller det du ikkje gjer, alt heng saman, og bonusen er betre balanse i livet som kan førebygge eller lindre ubehag eller smerte i kroppen, seier Ingeborg. Ho legg ikkje skjul på at for mange blir heile prosessen ei stor overrasking.


Unik behandling

– Det er mange som ikkje veit at dei reagerer på enkelte matvarer, og kan ved test og oppfølging oppleve motivasjon til å gjere dei justeringane som kan gi løft. Vi kan ta ein test og finne den rette vegen vidare for den enkelte. Alle er ulike, då må også den enkelte få den unike behandling dei fortjener. Det får dei hos meg, seier ho.


Nupen KostogHelse held matkurs, foredrag, underviser i helse og livsstil, har rettleiing til individ og held kurs for grupper.

Ta kontakt med Ingeborg i Nupen KostogHelse i dag. Saman finn vi den beste løysing for nettopp deg.


Les mer...

2019-06-02 10.30

teamsecurity1

Lokal sikkerhetsaktør med nasjonale ambisjoner

Artikkel Team Security AS, har gjennom oppkjøp og en sterk organisk vekst blitt en spennende og etterlengtet utfordrer på sikkerhetsmarkedet i Norge. – Det er på høy tid at de store vaktselskapene får en nasjonal...
geosafe5

Oppnår nullutslippsmålet med helelektrisk hybridløsning

Artikkel GeoSafe AS er en grossist som leverer alt innenfor geoteknisk utstyr. De er den eneste aktøren i Norge som leverer både maskiner, geoteknisk utstyr og borstål – og kan nå også tilby en ny hybridløsning...

    Kontaktinformasjon

    compare-fibre-e5sTz361Jzg-unsplash

    Farvel til tradisjonell leksehjelp?

    Da foreldregenerasjonen var ung og selv gikk på skolen, var det vanlig at far eller mor måtte hjelpe med leksene etter skoletid. Dette har fungert i flere tiår, men kan også føre til sosiale ulikheter.

    article1

    Beste stedene å campe i Norge

    Norge er et campingparadis, med sitt dramatiske landskap og overflod av campingmuligheter. Enten du leter etter en avsidesliggende campingplass ved sjøen eller på fjellet, har vi dekket deg.

    sigmund-eTgMFFzroGc-unsplash

    Digitale møter: Tips for nybegynnere

    Sagt ja til å holde dine første digitale møter? Tips om hvilken plattform, tekniske problemer & møteagenda finner du her.

    Arkiv