Har du planar om møte, konferanse, selskap, jubileum, minnestund, konfirmasjon, barnedåp eller bryllup, ta då kontakt med Melshorn Hotell.
Hotellsjef Linda Haddal Røssevoll ønskjer både bedrifter og privatpersonar hjarteleg velkomne.
- Frå Ålesund Lufthavn, Vigra, går det flybuss som korresponderer med hurtigbåt til Hareid og Ålesund. Reisetida er om lag 40 minutt. Frå Ørsta/Volda lufthamn, Hovden, er reisetida 35 minutt med bil eller buss, opplyser hotellsjefen til Det Norske Bransjemagasinet.
Det er mogleg å legge nasjonale, regionale og lokale møter til hotellet. Vi ønsker at fleire skal sjå kor sentralt hotellet er lokalisert, og ser gjerne at fleire prøver oss neste gong dei skal møtes, smiler Linda.
Fleksibelt
I dei flotte og funksjonelle møtelokala er det topp utstyr. Lokala gjer det også mogleg å vere fleksibel i forhold til talet på møtedeltakarar. Slik er det også når det er større eller mindre selskap.
- Vi har alt av utstyr på plass. Alt frå videokanon, lyd, lerret, whitebordtavle, flipover, trådlaust internett og mykje meir, seier den engasjerte hotellsjefen.
- Det er naturlig for oss å bruke lokal polarhistorie som inspirasjon for utsmykking og val av namn på lokala våre. Møterom og restauranten er oppkalla etter ishavsskuter. Dette er ein hyllest til skutene og mennene som hadde dette krevjande yrket. Det er også ein varm tanke til alle som var heime og venta, seier Linda.
Ho viser til at «Minna» har plass til 30 personar, medan «Aarvak» har ein kapasitet på 60 personar. Begge lokala kan ògså nyttast som selskapslokale. Alle lokala er utstyrt med moderne lyd- og bildeutstyr.
- Lokala kan nyttast åleine, eller saman med restauranten «Polarstar», som ligg vegg i vegg. Alt i alt kan vi få plass til 200 personar, alt etter oppsett, seier hotellsjefen.
Linda er klar på at ho kan «sy saman» eit spesialkonsept for dei som ønskjer det.
- Det er berre å ta kontakt, så ordnar vi «skreddarsaum» for møter, konferanse og selskap, seier ho.